mandag 27. august 2012

Brikke i tavlebragd




Eg laga to brikker i vinter, med raud lin 16/2 og tynn gulltråd i mønsterinnslaget. Renninga er i ubleika og botninnslaget i naturfarga lin i litt tynnare kvalitet.
Mønsteret i kvar side er smetta. 
Botninnslaget går over alle trådane i renninga heile tida. Slik blir det ope stykke i midten.
Etter nedklipping må ein brette inn kantane og sy fint til for hand.

torsdag 2. februar 2012

Spjelkavikløpar

Denne bordløparen er laga etter mønster frå ei seng (bolster) frå Spjelkavik. Løparen ver voven i Hoelfeldt-Lund kunstvevgarn med lingarn 16/2 i renning. Mål 60x150 cm.

Smettarose med dobbelt H-L kunstvevgarn.
Her er nærbilete av mønsterborden.