torsdag 14. oktober 2010

Veggteppe

Dette teppet har eg vove med tjukt Hoelfeldt-Lund åklegarn på kraftig bomulls renning. Eg har brukt lerretsbinding med mønster i gammelbragd.

torsdag 5. august 2010

Nok ein tavlebragd.

Den andre tavlebragden i år er laga etter eit gammalt teppe frå Sunnmøre. Eg har brukt friskare fargar enn originalen. Renning og botninnslag er i lin og mønsterinnslaget er i Hoelfeldt-Lund kunstvevgarn.

Vevnader 2010

.
Her er bilete av ei brikke i tavlebragd som eg vov i vinter.  Lin renning og botninnslag, stry i mønsterinnslag. Mønster på sidene er smetta.  Eg broderte inn namn og årstal også.

torsdag 4. februar 2010

Kurs i gjenbruk

Her er det eg laga på kurs i helga. Det lilla sakseetuiet er mitt, de andre to ar det andre som har laga. Elles: ein hakkekrok og ein skinnknapp.

lørdag 23. januar 2010

Adventsløpar

Litt før jul vart eg ferdig med ein lilla løpar, den vart julegåve og då måtte eg lage nok ein, til meg sjølv. Løparen er laga i tynt ullgarn (Rauma prydvevgarn) på lin renning. Innslaga er i 2 lillafargar og sølvtråd.