søndag 22. mars 2009

Hei, så har også eg laga blogg. Spanande å sjå om det blir noko av. Når eg kallar meg vevkjerring, er det av di det å veve er noko av det kjekkaste eg veit. Førebels har eg vove løparar og sengavev. No har eg nett teke til på ei napparye. Ei napparye, eller båtrye, er eit teppe der ein vev botnen i 4-skaft og legg inn knutar med tukt garn med jamne mellomrom. Sengavvev er "dynetrekk" dei vov og nytta på Sunnmøre i gamle dagar. Ein nyttar tynn bomullsrenning og tynt 1 tråds ullgarn i innslag. Mange gamle senger er tekne vare på og dei har flotte stripemønstrer og somme gonger smettaroser. Eitt av dei eg har vove er kopi av eit gammalt eg fann på stabburet, falma og slite. Men inne i saumane kom originalfargane til syne, slik at eg kunne kopiere det.