fredag 3. april 2009

Båtrye eller napparye

No har eg byrja på ei napparye. Ho har renning av 3 tråds ullgarn og innslag av to tråds ullgarn. Nappet eller frynsene er eit tjukt, kraftig ullgarn, knytta over renningstrådar i mønster. Eg lagar rutamønster. Ryene var mykje brukt før i tida, som overbreidsle eller tepper. Dei er svært varme. Fiskarane hadde dei med seg i båten og kunne bruke dei når dei sov. På kysten var dei meir eigna enn skinnfeller, sidan skinnfellene ofte vart øydelagde i fuktig klima. Ei god rye av ull varma godt, sjølv om ho var våt. Eit lite bilete av ei gammal rye kjem her: